Det var trass alt dei to som var stammen og som starta det brasilianske thrasheventyret i si tid. Eg veit ikkje om det har vore ein slags lojalitet mot dei to.
Lyden er god, sjølv om eg såg at lydmannen ved fleire høve var oppgjett over lydforurensinga frå konserten på Scream Stage. Bandet er tight og leverer utan dei altfor store problemene. Paulo Jr. er den einaste frå originalbesetninga som er att, og Andreas Kisser som har vore med sidan 87 er i bandet enno, men måtte bli att i Brasil pga ei familiekrise. Stemninga står i telttaket frå fyrste sekund. Arise bankar i gang festen minst like tøft som Sepultura frå glansdagene mine. Eg skal innrømme at eg har vore skeptisk i lang tid til Sepultura utan Iggor og Max. Det var trass alt dei to som var stammen og som starta det brasilianske thrasheventyret i si tid. Eg hugsar enno då eg fekk Iggor i prat i turnébussen utanfor Sentrum Scene på tidleg 90-tal.