Dei organisasjonseigde kulturhusa er berebjelkar i lokalsamfunna, men manglande interesse frå styresmaktene undergrev statusen til husa.
Det er difor eit prekært behov for opptrappingsplan knytt til vedlikehald og utvikling av organisasjonseigde kulturhus. Det er Ingen grunn til å tru at situasjonen er betre i 2022. Sjølv om kulturhusa har ei viktig rolle i det lokale kulturlivet, er heller ikkje dei forskåna for auke i offentlege avgifter. Huset i Bygda får jamlege tilbakemeldingar på at straum, forsikring og auke i offentlege avgifter tek stadig større del av driftsmidlane til kulturhusa. Kartlegging utført av Huset i Bygda syner at det truleg finst om lag 5000 organisasjonseigde kulturbygg i Noreg i dag. Det er meir eit spørsmål om styresmaktene klarer å nyttiggjere seg av den kunnskapen som finst, og bruke lag og organisasjonar til å bygge gode lokalsamfunn.