Få autografen til Noregs største satirikar, høyr føredrag om Trøndelags svar på Game of Thrones eller hopp frå Norges høgaste, flytande stupebrett.
Kvar halvtime frå 18:30 til 22:30 (utanom 20:30), kan du sjå eldre og nyare verk i samlinga. Kvar heile time frå 18:00 til 22:00 kan du få omvising i Håkon Bleken si utstilling Antagonist - protagonist på Gråmølna. Frå 15:00 til 23:00 kan du få ein halvtimes kurs i akrobatisk dans på stang, heilt gratis. Her kan det vere taktisk å tinge ein av dei siste timane for kvelden, slik at ferdigheitene framleis er friskt i muskelminnet idet du inntrer Bodegaen seinare på kvelden. Frå 20:00 til 23:00 er katedralen open for utforsking, akkopagnert av korsong frå sidekapella. Spring for å sikre deg autografen til ein av Noregs største satirikarar.