Feltlege Monica Thallinger (43) har med seg ein «mental kyrkjegard» av barn og må deaktivere sansane etter skotlydar. Likevel held ho fram med å reise ut ...
Livet til kollegaer, vennar og kjente her i Noreg har gått sin gang, og i det store og heile er det ikkje mange som er så interessert i å høyre om korleis ein har hatt det. – Eg trur mange har ein glorifisert idé om å reise ut og hjelpe folk i naud. Yrket passar til dei med pågangsmot, driv til å gjere ein forskjell, audmjukskap og respekt for andre menneske. Ein jobbar engasjert, mykje og tett med team og pasientar. Ho hadde alvorleg korona og fordi babyen i magen pressa opp lungene som var sjuke, hadde ho store problem med å puste. Eg har ein «mental kyrkjegard» av barn som eg kjem ha med meg for alltid, fortel legen og held fram: Men i røynda er det eldre, dei med kroniske sjukdommar, kvinner og barn som er gruppene med størst sjukdomsbyrde og med enormt behov for helsehjelp. Dagane i felten er ofte veldig hektiske, fordi ein jobbar i situasjonar der kritiske ting skjer og ein har mykje ansvar. I dei områda Leger Uten Grenser jobbar, er det store medisinske behov og ein har få ressursar. Jobben min går ut på å hjelpe dei aller sjukaste pasientane og eg jobbar ofte på intensivavdelinga. Thallinger satsa på å kome seg ut i verda og studerte tropemedisin i Liverpool i England. – Er ein i ei krigssone pregar det sjølvsagt heile situasjonen.