Skjelettet av ei ung kvinne er funne i Polen. Rundt eine tåa hadde ho ein hengelås, rundt halsen ein sigd.
Gravplassen i Pień vart funnen på slump då forskarane leitte etter restar av ein landsby kring eit slott frå tidleg mellomalder. Ho kan ha hatt ei pute under hovudet, noko som kan tyde på at ho hadde høgare sosial status. Medan ein no til dags gjerne forbind trestakar, sølvvåpen, kvitlauk og sollys med vern mot vampyrar, var det andre forsvarsmekanismar i bruk før. Beinrestane syner at kvinna som vart oppdaga tidlegare i haust skal ha vore mellom 17 og 21 år gamal då ho døydde. [opplyser det polske universitetet i ei pressemelding](https://portal.umk.pl/en/article/keep-demons-in-the-grave). Han har leia forskarlaget som har drive utgravingane.